Har du lyst til å jobbe i det naturskjønne Vestland i Norge?! Grip sjansen!

This job posting expired and applications are no longer accepted.
AAM Lærdal sjukehus, Helse Førde Publicerat: 2021-07-07
Ort
Lærdal
Anställningsform:
Heltid
Yrkesområde
Kirurgi
Antal tjänster
2
Sista ansökningsdag
2020/07/30
Län / område
Norge
Referensnummer
4409489913

Arbetsplatsbeskrivning

Lærdal sjukehus er eit lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen, ferjefritt samband med reisetid på hhv. 4,5 og 3 timar. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Vi har skule og barnehage i nærområdet og det er full barnehagedekning i kommunen.

Vi skal fremme helse, meistring og livskvalitet.

Arbetsbeskrivning

AAM Lærdal sjukehus søkjer operasjonssjukepleiar i 100% fast stilling frå snarast. Eventuelt ei kombinasjonsstilling for spesialsjukepleiar som ønskjer å ambulere for å arbeide ved sentralsjukehuset i Førde. Det er også høve til kortare vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Operasjonssjukepleie til operasjonar innan ortopedi med fokus på proteseoperasjonar
  • Sterilsentraloppgåver
  • For tida dagarbeidstid og fri kvar helg
  • Ambuleringsavtale mot sentralsjukehuset i Førde

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Lite miljø med oversiktlege forhold
  • Stabiliseringstillegg
  • Avtale om ambulerande virksomhet etter preferanse
  • Sjukehuset kan legge til rette for leige av bustad etter behov. Oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.

Kvalifikationer

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Spesialutdanning eller realkompetanse innanfor operasjonssjukepleie vert kravd for spesialsjukepleiar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Erfaring med ortopediske proteseoperasjonar er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Vere ein god lagspelar
  • Må kunne arbeide sjølvstendig
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team

Kontakt

Seksjonsleiar
Tom Nordstrand
(+47) 474 14 650

Övrig information

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



Relaterade jobb